Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
→ →Med dette filteret kan du deformere deler av biletet. Filteret kan også brukast for å tone inn eller ut det deformerte biletet i høve til originalbiletet i ein animasjon vist t.d. på ei nettside.
Filteret er svært omfangsrikt, men faktisk likevel nokså enkelt i bruk. Vel deformeringstype og dra musepeikaren over førehandsvisinga.
I denne fanen finn du innstillingar som også blir synlege i førehandsvisinga. Du kan difor prøve ut fleire innstillingar før du bestemmer deg.
I dette filteret er førehandsvisinga også arbeidsplassen din ved at du aktiviserer filterinnstillinga ved å klikke på førehandsvisinga og drar musepeikaren over det området du vil deformere. Er du ikkje nøgd med resultatet, kan du trykke knappen Nullstill for å setje biletet tilbake til slik det var i utgangspunktet.
Flytt: Gjer at du kan strekke ut og forskyve deler av biletet.
Fjern: Denne innstillinga gjer at eventuelle deformasjonar blir tilbakeførte til slik dei er i originalbiletet når du drar musepeikaren over deformasjonane. Når du angrar bare litt av det du har gjort, kan det vere enklare å bruke denne funksjonen i staden for å trykke knappen . Dersom du arbeider med animasjon, kan det vere greitt å merke seg at denne funksjonen arbeider bare på ei enkelt ramme.
Gjer større: Gjer at filteret verkar som ei lupe. Områda du drar musepeikaren over blir større.
Krymp: Gjer at filteret verkar som ei omvendt lupe. Områda du drar musepeikaren over blir mindre.
Drei mot klokka: Områda du drar musepeikaren over blir roterte mot klokka, dvs. mot venstre.
Drei med klokka: Områda du drar musepeikaren over blir roterte med klokka, dvs. mot høgre.
Bestemmer kor stort område rundt den pikselen som blir peika på skal bli påverka av filteret. Skalaen går frå 5 til 100.
Bestemmer på ein relativ skala frå 0,0 til 1,0 kor mykje filteret skal forandra biletet.
Med denne aktivisert blir effekten av filteret glatta ut.
Dette er ein betre måte å jamne ut effekten av filteret på, men krev litt ekstra datakraft. Når denne er aktivisert, vil også dei to glidebrytarane Maks djupn og Grenseverdi bli aktiverte. Desse blir brukte for å styre verknaden av filteret.
I denne fanen kan du generere overgangsbilete mellom det originale biletet og den filtrerte versjonen. For å kunne køyre animasjonen må du ha installert programtillegget playback.
Her bestemmer du kor mange rammer (“frames”) det skal vere i animasjonen. Kvar ramme flir lagra som biletlag i biletet. Difor bør du lagra resultatet i xcf-format.
Denne speler av animasjonen baklengs.
Denne speler av animasjonen vekselvis baklengs og forlengs.