10.4. Relieff

10.4.1. Oversyn

Figur 15.132. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Relieff


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarRelieff

Dette filteret kan bare brukast på RGB-bilete. For andre fargemodus er filteret utilgjengeleg.

Filteret omformar biletet slik at det liknar på eit relieff. Lyse område blir løfta og mørke område blir senka. Du har full kontroll over kor sterk relieffverknaden skal bli.

10.4.2. Oversyn

Figur 15.133. Innstillingane for filteret “Relieff

Innstillingane for filteret Relieff

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK. Du kan slå av førehandsvisinga dersom datamaskinen av ein eller annan grunn arbeider svært tregt.

Funksjon

Biletpunktkopling: Gir ein mjuk relieffverknad i fargar.

Relieff: Gir eit meir markert relieff i gråtoner. Liknar meir på relieff laga i metall.

Lengdegrad (Azimut)

Denne kontrollen bestemmer kva himmelretning lyset skal kome frå. Utgangspunktet 0° tilsvarar aust (frå høgre), 90° tilsvarar nord (ovanfrå), 180° vest (frå venstre) og 270° sør (nedanfrå).

Elevasjon

Denne kontrollen bestemmer kva himmelhøgde lyset skal kome frå. Utgangspunktet 0° som tilsvarar at lyset kjem frå horisonten. 90° betyr at lyset kjem rett ovanfrå (zenith) og 180° at lyset kjem frå motsett horisont.

Djupn

Denne kontrollen bestemmer kor djupt relieffet skal skjerast. Dess høge verd dess djupare skurd.