10.3. Bøy

10.3.1. Oversyn

Figur 15.130. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Bøy


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarBøy

Dette filteret blir brukt til å forandre kantane på det aktive laget eller den aktive markeringa. Kantane kan endrast uavhengig av kvarandre ved hjelp av kurver i eit rutenett.

10.3.2. Innstillingar

Figur 15.131. Innstillingane for filteret “Bøy

Innstillingane for filteret Bøy

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Førehandsvis ein gong

Dersom det ikkje er avmerka for automatisk førehandsvising, kan du oppdatere førehandsvisinga ved å trykke på denne knappen.

Automatisk førehandsvising

Når det er avmerka for denne, vil resultata av alle innstillingane du gjer bli viste i førehandsvisinga etter kvart.

Innstillingar
Rotér

Denne vinkelen bestemmer korleis kurvene skal roterast i høve til biletet. Ved normalinnstillinga, 0°, vil innstillinga av øvre kurve verke på øvre kant av biletet, nedre kurve på nedre kanten. Er vinkelen sett til 90°, vil øvre kurve påverke venstre kant og øvre kurve høgre kant.

Glatt ut og kantutjamning

Dersom prosessen fører til hakkete kantar, kan ein eller begge desse gjere kantane glattare.

Arbeid på kopi

Dersom det er kryssa av for denne, vil det bli oppretta eit nytt lag med namnet “Curve_bend_dummy_layer_b” når du trykker OK-knappen. Dette laget legg seg øvst i lagstabelen og blir det aktive laget. Dermed kan du studera verknaden av operasjonen i full målestokk utan å gjere endringar i originalen.

Arbeid på kurvene

I dette rutemønsteret vil du finne ei horisontal linje med ein node i kvar ende. Denne linja representerer i utgangspunktet den øvre kanten av biletet. Kvar gong du klikkar du på linja med musepeikaren, vil det bli laga ein ny node dersom det ikkje finst ein frå før. Du gjer endringar i kurven ved å ta tak i ein node og dra han dit du ønskjer. Sjølvsagt kan du lage så mange noder som du måtte ha behov for.

Det er bare råd å ha to kurver i rutenettet, og det er bare mogleg å arbeide på ei av dei om gongen. Du vel kva linje du vil arbeide på ved å klikka på radioknappane Øvre og Nedre.

Er radioknappen Kurvetype Fri aktivert, kan du teikne di eiga kurve. Denne kurva vil erstatte den aktive kurva.

Kantkurver

Desse radioknappane bestemmer kva for ei kurve som skal vere den aktive. Øvre aktiviserer den øvre kurva, som normalt også påverkar den øvre kanten av biletet. Nedre aktiviserer den nedre kurva, og normalt den nedre biletkanten. Dette gjeld når Rotér er sett til 0°. Andre vinklar kan gi andre resultat.

Kurvetype

Med knappen Glatt aktivert, vil kurvene bli mjukt avrunda når du drar ut ein node.

Med knappen Fri aktivert, kan du teikne dine eigne kurver. Kurven du teiknar vil erstatte den aktive kurven.

Knappane
Kopier

Copy: Kopierer aktiv kurve til motsett biletkant og erstattar den som måtte vere der frå før.

Spegle

Spegle: Speglar aktive kurve til motsett biletkant og erstattar den som måtte vere der frå før.

Bytt

Bytt: Bytter rundt på kurvene.

Nullstill

Nullstill: Stiller begge kurvene tilbake til utgangspossisjonen.

Opna

Opna: Hentar ei tidlegare lagra kurve frå ei fil.

Lagra

Lagra: Lagrar kurvedata til ei fil.