I denne seksjonen får du ei lita innføring i korleis du kan bruke GIMP for å laga enkle basisfigurar. GIMP har ei stor samling verktøy og snarvegar som kan gjere nybyrjaren heilt fortapt. Heldigvis er det, som du vil sjå, ikkje så vanskeleg.
La oss byrje med å teikne ei rett linje. Den lettaste måten er å gjere dette med eitt av teikneverktøya, datamusa og tastaturet.
Prosedyre 7.1. Å teikne ei rett linje
Opprett eit nytt bilete og finn fram favoritten din blant teikneverktøya eller bruk blyanten dersom du er i tvil. Vel foregrunnsfarge. Forsikra deg om at forgrunn- og bakgrunnsfargane er ulike. (Normalt er forgrunnsfargen svart og bakgrunnsfargen kvit).
Lag eit startpunkt ved å klikke på området for biletvisinga med den venstre museknappen.
Etter at du har markert startpunktet for linja, held du nede Shift-tasten medan du flytter musepeikaren til der du ønskjer linja skal slutte. Du vil sjå ei tynn linje som indikerer kvar streken din vil hamna.
Figur 7.27. Når du er nøgd med plasseringa av linja, slepp du opp museknappen og linja er permanent.
Skulle du ikkje sjå linja, kontroller at forgrunns- og bakgrunnsfargane er ulike. I noen tilfelle må du kanskje klikka ein gong til på museknappen for å festa streken. Du kan halde fram med nye strekar med utgangspunkt i endepunktet for denne streken ved å halde nede Shift-tasten. Prøv deg fram.