5.2. Nytt bilete

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1942 $ 2007-02-07 KoSt

Ved hjelp av dialogen Nytt bilete kan du lage eit nytt, tomt bilete. Samstundes kan du bestemma ein del av eigenskapane biletet skal ha. Biletet blir opna i eit nytt biletvindauge. Du kan ha fleire bilete på skjermen samstundes.

5.2.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via FilNytt bilete

  • eller med snarvegen Ctrl-N.

5.2.2. Grunninnstillingane

Figur 14.22. Dialogvindauget for “Nytt bilete

Dialogvindauget for Nytt bilete

Mal

Figur 14.23. Dialogvindauget “Lage eit nytt bilete

Dialogvindauget Lage eit nytt bilete

I staden for å skrive inn alle tala sjølv, kan du velje ein av dei ferdige malane frå malmenyen. Denne menyen inneheld malar med ferdigdefinerte innstillingar for storleik, oppløysing osv. for mange vanlege biletformat. Dersom du ofte bruker eit biletformat som ikkje står på denne lista, kan du lage ein ny mal ved å bruke maldialogen.

Biletstorleik

Her bestemmer du Breidde og Høgde på det nye biletet. Til vanleg blir dette målt i pikslar, men du kan endre dette etter eige ønskje ved hjelp av nedtrekkslista. Dersom du bytter måleeining, ver klar over at dette påverkar X- og Y-oppløysinga (som du kan justera i Avanserte innstillingar). Eventuelt kan du kontrollera resultatet med visninga “Punkt for punkt” i menyen Vis.

Når du opnar eit nytt bilete frå Fil-menyen i verktøyskrinet, blir det laga med verdiane sett i dialogen Innstillingar. Dersom du opnar biletet frå File-menyen i eit eksisterande bilete, vil verdiane bli dei same som i originalbiletet.

[Notat] Notat

Du bør kanskje også ha i mente at kvar einaste piksel blir lagra i minnet til maskinen. Oppretter du store bilete med mengder av pikslar, vil dette føre til at GIMP bruker mykje minne og tid på kvar einaste funksjon du gjer på biletet.

Knappane Portrett og landskap

Desse to knappane skifter visinga mellom portrett og lanskap. Dette blir gjort ved å bytte rundt verdiane for breidde og høgde. Er desse verdiane like, vil knappane vere deaktiverte. Dersom du opererer med ulike X- og Y-oppløysingar, som du kan setje i avanserte innstillingar, vil også verdiane for desse bytte plass. Til høgre for desse knappane finn du opplysningar om biletstorleik, oppløysing og kva fargemodell som er brukt.

5.2.3. Avanserte innstillingar

Figur 14.24. Nytt bilete (Avanserte innstillingar)

Nytt bilete (Avanserte innstillingar)

Du får fram Avanserte innstillingar ved å klikke på det vesle kvadratet (eller trianglet) nede i venstre hjørne av dialogvindauget.

X- og Y-oppløysing

Desse verdiane blir bare brukte når biletet skal skrivast ut. Normalt blir ikkje storleiken på skjermen påverka av desse verdiane. X- og Y-oppløysinga kan likevel påverka korleis pikslane skal overførast til andre måleeiningar som td. millimeter, dersom du bruker slike.

[Tips] Tips

Ønskjer du å vise biletet på skjermen med korrekte dimensjonar vel du VisPunkt for punkt. Sett zoomfaktoren til 100% for å vise biletet i sann skjermstorleik. Normalt blir skjermen kalibrert når du installerer GIMP, men det kan også gjerast frå dialogen Innstillingar dialog.

Fargemodus

Figur 14.25. Menyen for fargemodus

Menyen for fargemodus

Du kan opna det nye biletet anten i RGB-modus eller som eit gråskalabilete.

RGB-farge: Biletet blir laga med eit fargesystem sett saman av Raud, Grøn og Blå. Det er dette fargesystemet som blir brukt av dataskjermen, eller TV-skjermen for den saks skuld.

Gråskala: Biletet blir laga i svart og kvit med mellomliggjande gråtoner. I tillegg til dei reint artisiske interessene dine, kan formatet også vere nødvendig for ein del programtillegg. Du kan alltid omforma eit RGB-bilete til gråskala-bilete om nødvendig.

Det er ikkje råd å lage eit indeksert bilete frå denne menyen. Sjølvsagt kan du likevel indeksere eit bilete, etter at du har laga det, med kommandoen BileteModusIndeksert.

Fyll

Figur 14.26. Fyllmenyen

Fyllmenyen

Her bestemmer du kva bakgrunnsfarge biletet skal ha. Om du er usikker, kan du bare velje eit eller anna. Det er fullt mogleg å bytte bakgrunnsfarge seinare. Du finn meir informasjon om dette i Lagdialogen.

  • Fyll biletet med gjeldande forgrunnsfarge synt i verktøyskrinet.

  • Fyll biletet med gjeldande bakgrunnsfarge synt i verktøyskrinet.

  • Fyll biletet med Kvit.

  • Fyll Gjennomsiktig. Vel du denne, vil biletet bli laga med alfakanal og gjennomsiktig bakgrunn. Dei gjennomsiktige delene av biletet blir markerte med eit sjakkbrettmønster for å indikere gjennomsikt.

Kommentar

Her kan du skrive inn ein merknad til biletet. Teksten blir lagt til i biletet som såkalla parasitt og kan også lagrast i noen av filformata som t.d. PNG, JPEG og GIF.

[Notat] Notat

Du kan lese denne lagra kommentaren ved hjelp av Infovindauget.