Her kan du sjå kva fargar som er i bruk, både forgrunns- og bakgrunnsfarge. Det er desse fargane GIMP bruker for å teikne, fylle eller kva du nå vel å gjere. Klikkar du på ein av fargane, kjem det fram eit fargekart som du kan velje farge frå.
Klikkar du på dei to firkantane nedst til venstre, vil forgrunnsfargen bli sett til kvit og bakgrunnsfargen til svart.
Klikkar du på den bøygde streken med pilspissar i kvar ende, vil forgrunns- og bakgrunnsfargane bytte plass.