4.5. Skalering

Figur 12.54. Symbolet for “skalér” i verktøyskrinet

Symbolet for skalér i verktøyskrinet

4.5.1. Oversyn

Dette verktøyet blir brukt til å skalere lag, markeringar eller banar.

Når du klikkar på biletet med dette verktøyet, kjem det opp eit dialogvindauge som gir deg høve til å skrive inn verdiar for breidde og høgde. Alt etter kva førehandsvising du har vald i verktøyoppsettet, kan det også dukke opp eit rutenett eller ei ramme som viser omrisset av området som skal skalerast. I kvart hjørne av rutenettet er dei eit firkanta handtak som du kan dra i for å forandra storleiken. Du kan flytte førehandsvisinga ved å ta tak i den prikken som kjem fram midt i biletet.

4.5.2. Aktivere verktøyet

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøySkalér,

  • ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet

  • eller ved å bruke tastesnarvegen Shift + T.

4.5.3. Tastekombinasjonar (Normalinnstillinga)

Ctrl

Hald nede Ctrl-tastene for å behalda høgda uendra.

Alt

Hald nede Alt-tastene for å behalda breidda uendra. Dersom dette ikkje verkar, prøv Shift + Alt

4.5.4.

Figur 12.55. Verktøyinnstillingar

Verktøyinnstillingar

Oversyn

Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøyskrinet.

Verkar på, transformasjonsretning, interpolasjon, superutjamning, beskjer resultatet, førehandsvising
[Notat] Notat

Desse verktøyinnstillingane er omtalte i avsnittet fellesinnstillingar for transformeringsverktøya.

Avgrensingar

Ingen: Ingen avgrensingar for skaleringa.

Uendra høgde: Høgda vil ikkje bli forandra.

Uendra breidde: Breidda vil ikkje bli forandra.

Uendra proporsjonar: Forholdet mellom sidene vil bli det same heile tida.

4.5.5. The Scaling Information dialog window

Figur 12.56. Skaleringsinformasjon

Skaleringsinformasjon

Original breidde/høgde

Viser breidda og høgda på originalbiletet.

Nåverande breidde/høgde

I staden for å bruke musepeikaren direkte på biletet, kan du skrive inn dei ønskte verdiane her. Du kan også forandra måleeining on det skulle vere behov for det.

Skaleringsfaktor X/Y

Viser kor breidt (X) og høgt (y) skaleringa er i høve til originalbiletet.

Breidde- og høgdeforhold

Viser forholdet mellom breidde og høgde i skaleringa.