Roteringsverktøyet blir brukt til å rotere det aktive laget, den aktive markeringa eller banen. Når du klikkar på biletet eller markeringa, blir det lagt til eit rutenett eller ei ramme og eit dialogvindauge med informasjon om roteringa dukkar også opp. I dette vindauget kan du bestemme rotasjonsaksen, markert med eit punkt, og rotasjonsvinkelen. Du kan gjere det same ved å klikke-og-dra musepeikaren på biletet eller i rotasjonspunktet.
Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:
Frå biletmenyen via
→ → ,ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet,
eller med tastesnarvegen Shift + R.
Hald nede Ctrl-tasten for å avgrensa rotasjonsvinklane til multiplar av 15˚.
Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøyskrinet.
Notat | |
---|---|
Desse verktøyinnstillingane er omtalte i avsnittet fellesinnstillingar for transformeringsverktøya. |
Her bestemmer du kva retning laget skal roterast. Retninga Framover (normal) vil rotere laget slik du reknar med at det skal skje. Set du roteringa til 10° mot høgre, vil du ende opp med at laget blir rotert 10° mot høgre.
Bakover (korrigerande) er litt verre å forstå. Dersom biletet er 13° skeivt, treng du ikkje rotere biletet til denne vinkelen. I staden innretter du rutenettet slik at rutene er visuelt parallelle med det skeive biletet. Er t.d. flagstanga skeiv, innretter du rutenettet parallelt med stanga. Når du trykker knappen Rotér i infovindauget, vil biletet bli rotert slik at flagstanga blir loddrett. Dette verktøyet er mest brukt nettopp til å rette opp skeive foto.
Merker du av for 15˚ vil rotasjonen bli avgrensa til vinklar som er multiplar av 15˚.
Her kan du setje rotasjonsvinkelen frå -180° til +180°. Totalt kan du altså rotera biletet 360°.
Her kan du skrive inn koordinata for rotasjonssenteret. Dette senteret blir vist som ein stor prikk i biletet. Du kan også flytte senteret ved å klikke-og-dra i dette punktet. Skulle du ha behov for andre måleeiningar enn piksel, kan du velje i nedtrekkslista.