3.6. Malepensel

Figur 12.27. Symbolet for “malepensel” i verktøyskrinet

Symbolet for malepensel i verktøyskrinet

Malepenselen lagar fargestrøk med diffuse kantar. Alle stroka skjer med den for tida aktive penselen.

3.6.1. Aktivere verktøyet

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyMalepensel,

  • ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet

  • eller med tastesnarvegen P.

3.6.2. Tastekombinasjonar (Normalinnstillinga)

Ctrl

Gjer malepenselen om til ein Fargehentar.

Shift

Gjer at malepenselen teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på venstre museknapp, vil dette lage ei rett linje mellom det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet. Du kan halde fram med nye klikk.

3.6.3. Verktøyinnstillingar

Figur 12.28. Innstillingane for verktøyet “malepensel

Innstillingane for verktøyet malepensel

Oversyn

Du får fram verktøyinnstillingane ved å trykka på, (eller i noen tilfelle dobbeltklikka på) verktøysymbolet i verktøyskrinet

Dekkevne, pensel, trykkfølsemd, uttoning, aukande
[Notat] Notat

Sjå nærare omtale i avsnittet felles eigenskapar for teikneverktøya.