7.12. Auk

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1912 $ 2007-02-12 KoSt

Kommandoen Auk gjer markeringa større. Han verkar på nokolunde same måten som kommandoen Krymp, som gjer markeringa mindre.

7.12.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via MarkerAuk.

7.12.2. Beskriving av dialogen “Auk markeringa

Figur 14.41. Dialogvindauget for “Auk markeringa

Dialogvindauget for Auk markeringa

Auk markeringa med

Her kan du skrive inn kor mykje markeringa skal aukast. Normalt blir dette målt i pikslar, men du kan endre måleeining ved hjelp av nedtrekksmenyen.

7.12.3. Ein raritet med den rektangulære markeringa

Når du aukar ei rektangulær markering får resultatet avrunda hjørne. Årsaka ser du nedanfor:

Figur 14.42. Ei rektangulær markering får avrunda hjørne

Ei rektangulær markering får avrunda hjørne

Dersom du ikkje ønskjer avrunda hjørne, kan du bruke kommandoen Avrunda hjørne under Dekor i Script-Fu-menyen sett til 0% radius.