Kommandoen
gjer markeringa mindre ved å flytte kvart punkt på ramma bort frå næraste rammekant, mot midten av biletet. Flyttelengda blir bestemt i dialogvindauget. Eventuelle fjørkantar blir bevarte, men kan bli noe forandra ved hjørner og skarpe kurver.Her kan du skrive inn kor mykje markeringa skal minkast. Normalt blir dette målt i pikslar, men du kan endre måleeining ved hjelp av nedtrekksmenyen.
Denne innstillinga kjem bare til nytt når markeringa ligg heilt ute i biletkanten. Dersom denne er avmerkt, vil krympinga føre markeringa bort frå biletkanten. I motsett fall blir markeringa verande i biletkanten.