Kommandoen “Avrunda rektangel”, eigentleg ein Script-Fu kommando, omformar ei eksisterande markering, anten det er rektangulær, elliptisk eller noe anna, til ei markering med avrunda hjørne. Hjørna kan bli bøygde innover (konkav) eller utover (konveks). For å gjere dette, legg kommandoen til eller drar i frå sirklar i kvart hjørne.
Du kan skrive inn radius til det avrunda hjørnet i prosent, anten ved å skrive direkte i tekstboksen eller bruke glidebrytaren. Verdien er i prosent av den som er minst av høgda eller breidda.
Aktiver denne boksen dersom du ønskjer konkave, altså innoverbøygde, hjørne. Elles blir hjørna utoverbøygde, dvs. konvekse.