3.5. Palettdialogen

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1980 $ 2007-03-18 KoSt

Figur 13.34. Palettdialogen

Palettdialogen

Ein palett er i GIMP ei samling fargar i tilfeldig orden. Du finn meir om dette, og om korleis du kan lage eigne palettar, i avsnittet om Palettar.

Palettdialogen blir stort sett brukt for å velje kva for palett som skal vere den aktive, men du kan også bruke han for å lage dine eigne palettar. Noen titals, nokså tilfeldig utvalde, palettar blir leverte saman med GIMP.

[Notat] Notat

Det er lett å forveksla palettdialogen med Fargekart for indekserte fargar som er ein tabell med ei avgrensa mengde fargar.

3.5.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i seksjonen Dialogar og tavler. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarPalettar

  • frå biletmenyen: DialogarPalettar

  • frå ein annan dialogmeny: Legg til fanePalettar

3.5.2. Å bruke dialogen

Du bestemmer kva for palett som skal vere den aktive ved å klikka på han i dialogvindauget. Dobbeltklikkar du på miniatyren av paletten, vil palettbehandlaren dukke opp slik at du mellom anna kan velje forgrunns- og bakgrunnsfarge ved å klikke på biletet av paletten.

Dersom du dobbeltklikkar på namnet til ein palett kan du gi han eit nytt namn dersom dette er ein palett du har laga eller installert sjølv. Det er ikkje råd å gjere forandringar i dei førehandsinstallerte palettane. Dette er vanleg i GIMP. Du får heller ikkje lov til å gjere endringar i penslar, mønsterelement osv. som kjem ferdiginstallerte, bare i dei du lager eller installerer sjølv.

Tabell-/Liste-modus

Figur 13.35. Palettdialogen

Palettdialogen

Tabell-vising

Palettdialogen

Liste-vising


Frå fanemenyen kan du velje om palettane skal visast som tabell eller på listeform. Vel du Vis som tabell, får du opp ei liste med bilete av alle palettane. Sidan du kan sjå mange palettar samstundes, er det nokså enkelt å velje ut den du ønsjer. Dersom du vel å lista opp på listeform, kjem palettane opp pent og pynteleg under kvarandre med ein miniatyr av paletten og namnet hans.

[Tips] Tips

Du kan bestemma storleiken på miniatyrane ved å gå inn på Storleik på førehandsvisinga i fanemenyen.

Redigere paletten

Trykk på denne knappen for å opna Palettbehandlaren.

Ny palett

Denne er nærare omtalt i avsnittet Ny palett.

Kopier palett

Denne er nærare omtalt i avsnittet Kopier palett.

Slett palett

Denne er nærare omtalt i avsnittet Slett palett.

Oppdater palettane

Denne er nærare omtalt i avsnittet Slett palett.

3.5.3. Palettmenyen

Figur 13.36. Palettmenyen

Palettmenyen

Palettmenyen kan opnast ved å høgreklikka i palettdialogvindauget eller ved å opna fanemenyen og velje derifrå.

Rediger palett

Du kan opna Palettbehandlaren ved å klikke på “Rediger palett” i menyen, ved å dobbeltklikke på ein palett i palettdialogen eller ved å trykke på knappen Rediger palett nedst i dialogvindauget.

Ny palett

Ny palett” oppretter ein ny palett, utan namn og utan fargeinnslag. Samstundes blir palettbehandlaren opna slik at du kan legge til fargar. Den nye paletten blir automatisk lagra i den private palettes-mappa di når du avslutter GIMP og blir henta inn i palettsamlinga di neste gong du startar GIMP.

Importer palett

Figur 13.37. Dialogen for import av palettar

Dialogen for import av palettar

Med kommandoen “Importer palett” kan du lage ein ny palett med fargane frå ein fargeovergang eller eit bilete. Dialogen som kjem fram, har følgjande innslag:

Vel kjelde

Du kan importere paletten frå anten ein av GIMP sine fargeovergangar eller frå eit opna bilete ved hjelp av nedtrekksmenyen. Frå og med GIMP 2.2 kan du også importere RIFF palettfiler, med filutvidinga .pal. Dette er eit format som er mykje brukt i Windows.

Namn på paletten

GIMP legg inn namnet på kjelda, men dette kan du bare skrive over. Dersom du vel eit namn som finst frå før, vil det få eit tal, f. eks. “#1” i tillegg.

Talet på fargar

Normalinnstillinga er sett til 256 av fleire grunnar. Først fordi kvar fargeovergang inneheld 256 ulike fargar. Deretter fordi GIF-filer ikkje kan innehalde meir enn 256 fargar, og endeleg fordi indekserte bilete i GIMP ikkje kan innehalde meir enn 256 ulike fargar. (I den digitale verda er 256 eit greitt og rundt tal). Du kan likevel bruke så mange fargar du ønskjer. Når du skriv inn eit tal her, vil GIMP prøve å fordele dei tilgjengelege fargane jamnt utover paletten.

Kolonner

Her bestemmer du kor mange kolonner paletten skal setjast opp med. Dette verkar bare inn på korleis paletten blir vist, og har ingen innverknad på bruken av paletten.

Intervall

Veit ikkje kva dette er. Send ein e-post når du finn det ut. Ser ut til å ha noe med kva fargeområde som blir brukt for å lage paletten.

Den importerte paletten blir automatisk lagra i den personlege palettes-mappa di når du avslutter GIMP og dukkar opp i palettdialogen når du startar opp igjen GIMP.

Kopier palett

Denne kommandoen lagar ein ny palett ved å kopiere den aktive paletten og opnar deretter for palettbehandlaren slik at du kan gjere dei nødvendige forandringane. Den redigerte paletten blir automatisk lagra i den personlege palettes-mappa di når du avslutter GIMP og dukkar opp i palettdialogen når du startar opp igjen GIMP.

Flett saman palettane

Denne kommandoen er førebels ikkje tilgjengeleg, og vil alltid vere “gråa ut” som uverksam.

Slett palett

Denne kommandoen fjernar paletten både frå palettdialogen og frå lageret. Difor blir du alltid spurd om du verkeleg vil dette. Legg merke til at du bare kan fjerne palettar som du har installert sjølv, ikkje dei som følgjer med GIMP.

Oppdater palettane

Denne kommandoen går i gjennom alle mappene dine på jakt etter palettar og legg nye funn til palettdialogen. Dette er som oftast enklare enn å starte GIMP på nytt.

3.5.4. Palettbehandlaren

Figur 13.38. Palettbehandlaren

Palettbehandlaren

Palettbehandlaren blir brukt til to ting. Det eine er å velje forgrunns- og bakgrunnsfarge frå ein palett. Det andre er for å redigere ein palett. Du kan aktivere palettbehandlaren for alle palettane i dialogen, men du får bare lov til å gjere endringar i dei palettane du har lagt inn sjølv. Vil du gjere endringar i dei som kjem ferdiginstallerte med GIMP, må du først lage ein kopi og deretter arbeide på kopien. Alle endringar blir lagra automatisk når du avslutter GIMP.

3.5.4.1. Aktivering

Palettbehandlaren er bare tilgjengeleg frå palettdialogen ved å dobbeltklikke på ein palett, ved å trykke på knappen Rediger palett nedst i dialogvindauget eller ved å velje Rediger palett frå palettmenyen.

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i seksjonen Dialogar og tavler. Du kan aktivere dialogen på to måtar:

3.5.4.2. Å bruke palettbehandlaren

Dersom du klikkar på ein av fargane i paletten, vil denne bli gjort til forgrunnsfarge, eller til bakgrunnsfarge dersom du samstundes held nede Ctrl-tasten. Det er desse fargane som blir viste i fargeområdet i verktøyskrinet.

Dobbeltklikkinga opnar også fargebehandlaren slik at du eventuelt kan redigere fargen, dersom paletten er slik at du får lov til dette.

Du kan opna menyen for palettbehandlaren ved å høgreklikke på visingsområdet for paletten. Funksjonane i denne menyen er stort sett dei same som for knappane nedst i dialogvindauget.

Like under biletet av paletten finn du ein tekstboks der du kan skrive inn namn på den valde fargen, eller “Untitled” dersom han ikkje har noe namn. Dette namnet har ingen annan funksjon enn å gjere det lettare å hugsa fargen.

Til høgre for namneboksen finn du ei rute der du kan bestemme kor mange kolonner paletten skal visast med i dialogvindauget. Også dette valet er utan effekt på bruken av paletten, bare korleis han skal sjå ut. Dersom du set valet til 0, vil GIMP bruke normalinnstillinga.

Nedst i dialogvindauget finn du noen knappar som stort sett gjer det same som vala i menyen for palettbehandlaren. Knappene, som bare er aktive dersom du har lov til å gjere endringar i paletten, er:

Lagra

Trykk på denne knappen for å lagra paletten i den private palettes-mappa di. Dersom du ikkje bruker denne knappen, vil GIMP lagra paletten når du sluttar av.

Tilbakestill

Denne knappen er førebels ikkje i bruk.

Rediger farge

Opnar for fargebehandlaren slik at du kan forandra fargen.

Ny farge frå forgrunnen

Legg forgrunnsfargen inn som eit tillegg på slutten av paletten. Dersdom du held nede Ctrl-tasten vile bakgrunnsfargen bli brukt i staden.

Slett farge

Fjernar den markerte fargen frå paletten.

Forminsk

Krymper visinga av paletten vertikalt.

Forstørr

Utvidar visinga av paletten vertikalt.

Tilpass

Tilpassar høgda av palettvisinga til vindauget.

3.5.5. Menyen for palettbehandlaren

Figur 13.39. Menyen for palettbehandlaren

Menyen for palettbehandlaren

Menyen for palettbehandlaren er tilgjengeleg ved å høgreklikke på visinga av paletten i palettbehandlaren eller ved å gå inn via fanemenyen. Du kan gjere dei same operasjonanene ved å bruke knappane nedtst i dialogvindauget for palettbehandlaren.

Rediger farge

Denne kommandoen opnar for ein fargebehandlar slik at du kan redigere den valde fargen i paletten. Knappen er bare aktivisert dersom du har lov til å gjere endringar i paletten.

Ny farge frå forgrunn/bakgrunn

Desse kommandoane lager ein ny palettfarge ved å hente farge frå for- eller bakgrunnen som vist i verktøyskrinet.

Slett farge

Denne kommandoen fjernar den valde fargen frå paletten. Knappen er bare aktivisert dersom du har lov til å gjere endringar i paletten.

Forminsk

Reduserer høgda på palettvisinga.

Forminsk

Aukar høgda på palettvisinga.

Tilpass

Tilpassar høgda på palettvisinga til høgda på dialogvindauget.