12.3. Legg til ramme

12.3.1. Oversyn

Figur 17.246. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Med ramme


Dette filteret legg ei ramme rundt biletet. Du kan bestemme både breidda på ramma og kva farge ho skal ha. Dei fire sidene vert gitt ulike skyggefargar ut frå den fargen du har vald, slik at biletområdet vert utheva.

Ramma vert lagt omkring biletet, utan å teikne over det eksisterande biletet.

12.3.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterDekorLegg til ramme.

12.3.3. Innstillingar

Figur 17.247. Innstillingane for filteret «legg til ramme»

Innstillingane for filteret «legg til ramme»

Breidde høgre og venstre kant, Breidde øvre og nedre kant

Her bestemmer du kor brei ramma skal vere. Øvre og nedre ramme for seg og høgre og venstre ramme for seg. Den største breidda er 250 pikslar.

Rammefarge

Klikk på denne knappen for å få opp dialogvindauget for å velje hovudfargen for ramma.

Skyggeverknad

Dette valet fargar ramma i ulike skyggevalører slik at biletet ser utheva ut. For kvar av sidene vert det rekna ut ein verdi for kvar av hovudfargane raud, grøn og blå [15] med utgangspunkt i hovudfargen og den verdien du har sett for skyggeendring. I utrekningane vert resultatverdiar lågare enn 0 sett til 0 og resultatverdiar høgare enn 255 sett til 255. Formlane er:

  • Øvre skygge = rammefarge + skyggeverknad

  • Høgre skygge = rammefarge - ½ skyggeverknad

  • Nedre skygge = rammefarge - skyggeverknad

  • Venstre skygge = rammefarge + ½ skyggeverknad

Figur 17.248. Eksempel med ulike verdiar for skyggeverknad

Eksempel med ulike verdiar for skyggeverknad

Filteret «legg til ramme» er køyrd med verdien 25, deretter med 75, 125, 175 og 225.


Eksempel: Hovudfargen er sett til blå (38,31,207), skyggeverknaden er sett til 25. Rammefargane vert då: topp: (38,31,207) + (25,25,25) = (63,56,232), høgre: (38,31,207) + (-13,-13,-13) = (25,18,194) osv.



[15] Sjå bilettypar eller RGB .