4.12. Wavelet-separering

4.12.1. Oversyn

Figur 17.51. Eksempel på bruk av filteret «Wavelet-separering»

Eksempel på bruk av filteret «Wavelet-separering»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Wavelet-separering»

«Wavelet-separering» brukt. Berre skalering 2 er gjort synleg i laggruppa.

Eksempel på bruk av filteret «Wavelet-separering»

Dette filteret delar opp det gjeldande laget eller utvalet i fleire lag med namna «skaleringar», kvart av dei med eit gjeve sett med detaljar. Dei finaste detaljane er i dei første laga. Detaljane vert større til du kjem til det siste laget, nedst. Dette siste laget vert kalla «Rest» og inneheld det som er igjen etter at alle detaljlaga er fjerna; det representerer den globale kontrasten og fargane i biletet.

Kvart skaleringslag er sett til å kombinerast ved bruk av lagmodusen kornsamanslåing. Dette betyr at pikslar som har ein verdi på 50 % ikkje vil påverka det endelege resultatet. Så å teikna ein småbølgjeskala med nøytral grå (R:50% G:50% B:50%) vil sletta detaljar.

Wavelet-separering er et fantastisk filter for utjamning og retusjering av hud og fjerning av flekkar og rynker. Det kan også brukast for å gjera biletet skarpare og lokale kontrastforsterkingar og for å fjerna flekkar, fargar og toner. Alt dette er godt forklart i rettleiingane nemnde ovanfor.

4.12.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå menyen i biletvindauget via FilterForbetraWavelet separering.

4.12.3. Innstillingar

Figur 17.52. Innstillingar for filteret «Wavelet-separering»

Innstillingar for filteret «Wavelet-separering»

Skaler: Standard skalering er 5. Du kan auka eller minska dette.

Lag ei laggruppe for å lagra dekomposisjonen: laggrupper er forklarte i Del 5, «Laggrupper».

Legg til ei lagmaske til kvart skaleringslag: lagmasker er forklarte i Del 2.1.4, «Lagmasker».