4.11. NL-filteret

4.11.1. Oversyn

Figur 17.49. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret


NL står for det engelske «Non Linear» (= ulineær). Filteret er utleidd frå Unix-programmet pnmnlfilt og kombinerer funksjonane utglatting, støvfjerning og gjer skarpare. Filteret arbeider på heile biletet, ikkje på utval.

Dette er litt av eit universalfilter med tre distinkte operasjonsmodus. Filteret analyserer kvar piksel i biletet for seg og endrar desse ut frå innstillinga du har vald og ut frå verdien på pikselen og nabopikslane. I staden for å bruka den vanlege blokka på 9 pikslar i ei blokk på 3 × 3 pikslar, brukar filteret sekskanta blokker rundt sentrumspikselen. Storleiken på desse blokkene vert bestemt ut frå kva radius du har sett i innstillingane.

4.11.2. Aktivering

Du finn dette filteret i FilterForbetraNL-filter….

Filteret verkar ikkje dersom det gjeldande laget har ein alfakanal. Menyoppføringa er i tilfelle gråa ut.

4.11.3. Innstillingar

Figur 17.50. Innstillingane for «NL-filteret»

Innstillingane for «NL-filteret»

Førehandsvising

Når denne er avkryssa, vert innstillingane viste i førehandsvisinga.

Filter

Operasjonsmodus omtalt nedanfor.

Alfa

Bestemmer på ein skala frå 0,00 til 1,00 kor sterkt filteret skal verka. Kva denne verdien eigentleg betyr, er avhengig av vald operasjonsmodus. Dette parameteret er relatert til, men ikkje det same som, alpha-parameteret brukt i programmet pnmnlfilt.

Radius

Bestemmer storleiken på prøvetakingaområdet rundt kvar piksel. Verdiområdet går frå 0,33 til 2,00, der 0,33 betyr at området er den eine pikselen (filteret har ingen effekt) og 1,00 betyr at alle pikslane i området i eit 3 × 3 rutenett vert brukt.

4.11.4. Filter

Filteret kan utføre mange ulike funksjonar:

Alfa trimma middelverdi

Verdien på pikselen i sentrum av sekskanten vert sett til gjennomsnitsverdien av dei 7 sekskanta områda. Områda er rangerte etter storleik, og den høgaste og lågaste alfa-verdien vert stroken før gjennomsnittet vert rekna ut. Dette betyr at dersom alfa er sett til 0,0 vil filteret verka som eit vanleg sløringsfilter der styrken av filteret vert bestemt av verdien av radius. Når du skal bruka filteret, kan det vera lurt å prøva med alfa = 0,0 og radius = 0,55 som startverdiar. Ønskjer du større verknad, kan du i staden setja radius til 1,0.

Med ein alfa-verdi sett til 1,0 vert verdien av senterpikselen sett til gjennomsnittsverdien for dei 7 sekskantane. Dette kan vera eit godt utgangspunkt for å fjerna tilfeldig støy i einskilde pikslar i biletet utan å spreia støyen vidare eller å sløra resten av biletet. Du kan fininnstilla verknaden med ulike verdiar for radius.

Mellomliggjande alfa-verdiar vil gje ein effekt noko mellom utglatting og støyreduksjon. For ei lett filtrering kan du prøva med startverdien 0,8 for alfa og 0,6 for radius. Ønskjer du ein tydelegare effekt, kan du prøva med startverdiane alfa = 1,0 og radius = 1.0 .

Optimalt overslag

Denne filtertypen legg eit aukande sløringsfilter over heile biletet. Det vert rekna ut ein verdi for variasjonane i pikslane i dei omkringliggjande sekskantane. Mengda av sløring vert så gjort omvendt proporsjonal med denne verdien. Tanken bak dette er at små variasjonar i biletet kjem frå støy, medan større variasjonar høyrer til i biletet. Som vanleg kontrollerar Radius den effektive radiusen. I dette filteret gjev ein radius mellom 0,8 og 1,0 best resultat. Alfa-verdien bestemmer støygrensa slik at alt over denne grensa vert mindre utglatta. Dette betyr at små verdiar gjev best effekt, medan høge verdiar fører til at store delar av biletet vert glatta ut. Du kan byrja med Alfa = 0,2 og Radius = 1,0 og prøva med litt høgare eller lågare verdiar for Alfa. Denne filtertypen er best for å mjuka opp utglattingsstøy.

Kantforbetring

Dette filteret verkar omvendt av det førre filteret. Det forsterkar kantar i biletet. Alfa-innstillinga kontrollerar mengda av kantforbetring, frå nesten ingenting (0,1) til det heilt overdrivne (0,9). Også her bestemmer radius effektiv radius. Brukbare verdiar kan vere mellom 0,5 og 0,9. Eit høveleg startgrunnlag kan vere alfa = 0,3 og radius = 0,8 .

4.11.4.1. Filterkombinasjonar

Det er ingenting i vegen for å køyra eit filter fleire gonger, eller å bruka ulike filter på same biletet. Ønskjer du for eksempel å gjera eit uskarpt monokromatisk bilete om til eit gråskalabilete, kan du prøva ein eller to rundar med utglattingsfilteret (Alfabasert middelverdi) og deretter ei gjennomkøyring med filteret Optimalt overslag. Til slutt prøver du ei forsiktig kantforbetring. Som oftast vertresultatet best når du køyrer kantforbetringa til slutt i prosessen. Dette fordi kantforbetring er det motsette av utglatting.

For å fjerna spor etter fargekvantisering, t.d. når eit GIF-bilete vert omforma tilbake til 24-bits bilete, kan du prøva ei gjennomkøyring av filteret med optimalt overslag med innstillingane alfa = 0,2 og radius = 1,0 og deretter ein runde med alfabasert middelverdi med alfa = 1,0 og radius = 0,55. Kanskje også ei kantforbetring til slutt. Har du bruk for store endringar med filteret optimalt overslag, vert resultatet som oftast best om du køyrer filteret fleire gonger med minkande alfa-verdiar enn om du køyrer det ein gong med store alfa-verdiar. Det er kanskje også på sin plass å minna om at det alltid er ein samanheng mellom graden av filtrering og tap av detaljar i biletet. Den beste løysinga er å prøva seg fram.