7.38. Grenseverdi for alfa

Kommandoen Grenseverdi for alfa omformar delvis gjennomsiktige område i det aktive laget til fullstendig gjennomsiktige eller fullstendig ugjennomsiktige område. Du kan setje grenseverdiane for omforminga frå 0 til 255. Kommandoen verkar berre på RGB-bilete med alfakanal. Dersom biletet er indeksert eller i gråskala, eller laget er utan alfakanal, er kommandoen inaktiv. Dersom du har merka av for Lås gjennomsikt, vil kommandoen gi ei feilmelding.

7.38.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagGjennomsiktGrenseverdi for alfa

7.38.2. Beskriving av dialogvindauget

Figur 16.120. Dialogen «Grenseverdi for alfa»

Dialogen «Grenseverdi for alfa»

Grenseverdi

Du kan setja grenseverdien for gjennomsikt, mellom 0 og 255, ved hjelp av glidebrytaren, eller ved å skriva direkte i tekstboksen. Alle verdiar for gjennomsikt høgare enn grenseverdien vert gjort om til fullstendig ugjennomsikt, medan alle verdiar lågare eller lik grenseverdien vert fullstendig gjennomsiktige.

[Notat] Notat

Dette valet vil aldri gjere fullstendig gjennomsiktige pikslar (alfa = 0) heilt ugjennomsiktige.

Figur 16.121. Eksempel på alfagrenseverdi

Eksempel på alfagrenseverdi
Ein gjennomsiktig fargeovergang 0-255.
Eksempel på alfagrenseverdi
Grenseverdi sett til 50, 127 og 210.