7.38. Alfa til utval

Kommandoen Alfa til utval lager eit utval av alfakanalen. Alfakanalen inneheld verdiane for gjennomsikt i det gjeldande laget. Ugjennomsiktige område vert fullstendig utvalde, gjennomsiktige område vert ikkje utvalde i det heile, medan delvis gjennomsiktige område vert delvis utvalde. Det nye utvalet erstattar det eksisterande utvalet. Alfakanalen vert ikkje forandra.

Dei andre kommandoane i denne gruppa gjer noko liknande, men i staden for å erstatte det eksisterande utvalet med det nye, legg dei anten saman dei to utvala, trekker det nye utvalet frå det gjeldande eller lagar eit nytt utval som er eit snitt av begge.

7.38.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagGjennomsiktAlfa til utval

  • eller frå menyen som sprett opp når du høgreklikkar på det aktive laget i lagdialogvindauget.

7.38.2. Eksempel

Figur 16.121. Bruk av «Alfa til utval»

Bruk av «Alfa til utval»
Bruk av «Alfa til utval»

Det eksisterande rektangulære utvalet er erstatta med ugjennomsiktige pikslar frå det aktive laget.