4.10. Fjern striper

4.10.1. Oversyn

Dette filteret vert brukt for å fjerna loddrette striper som t.d. kan ha oppstått på grunn av ein feil ved skannaren. Filteret legg til eit biletmønster som interfererer med biletet og fjernar stripene dersom det er råd å finna ei brukbar innstilling. Dette «negative» biletmønsteret vert rekna ut frå loddrette element i biletet, så ikkje ver overraska om filteret lagar nye striper i eit bilete som eigentleg er utan striper. Dette skjer nokså sikkert dersom verdien i Breidd er sett for høgt.

Vert ikkje resultatet slik du hadde håpt på, bruk angrefunksjonen og prøv med ny innstilling. Ikkje kast bort tid med å køyra filteret om igjen. Dette fører (nesten) alltid til dårlegare resultat. Er det berre ein liten del av biletet som har uønskte striper, kan du prøva å markere berre stripene og køyra filteret på utvalet.

4.10.2. Aktivering

Du finn dette filteret i FilterForbetraFjern striper….

4.10.3. Innstillingar

Figur 17.48. Innstillingane for filteret «Fjern striper»

Innstillingane for filteret «Fjern striper»

Førehandsvising

Dersom denne er avkryssa, veret endringane viste i førehandsvisinga. Du kan flytta rundt i biletet ved hjelp av rullefelta.

Lag histogramm

Dette er eit «histogram» som viser eit tydelegare bilete av interferensmønsteret.

Breidde

Her kan du bestemme «styrken» på filteret (2-100). Som oftast vil du få best resultat med ei breidde på opp til 40. Verdiar over 60 gir som oftast eit ubrukeleg resultat.