8.39. Roter fargane

8.39.1. Oversyn

Figur 16.222. Eksempel på bruk av filteret «Roter fargane»

Eksempel på bruk av filteret «Roter fargane»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Roter fargane»

Filteret «Roter fargar» brukt: blåfargen på himmelen er innføre kjeldeområdet og vert konvertert til oransje i destinasjonsområdet


«Rotering av fargekartet» let deg byta ut eit fargeområde (kjeldeområdet) med eit anna (destinasjonsområdet).

8.39.2. Aktivering

Du finn dette filteret på menyen i biletvindauget under FargarKartRoter fargane….

8.39.3. Innstillingar

Figur 16.223. Dialogvindauget for «Roter fargane»

Dialogvindauget for «Roter fargane»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Kjeldeområde, Destinasjonsområdet

Både kjelda og destinasjonsområdet har ein valsirkel for fargehjulsområde. Du kan dra begge pilhandtaka til fargeplasseringa du ønskjer. Dei svarar til glidebrytarane Frå og Til som er oppført nedanfor.

Frå

Vinkelen for startposisjonen for fargeområdet på fargehjulet.

Til

Vinkelen på sluttposisjonen for fargeområdet på fargehjulet.

Med klokka

Når denne er avmerkt, vert området frå byrjing til slutt rekna ut med klokka, elles mot klokka (standard).

Inverter området

Denne knappen inverterer verdiane for Frå og Til.

Vel alle

Denne knappen vel alle fargane innføre området.

Gråhandsaming

I denne seksjonen kan du bestemma korleis grått skal handsamast. Normalt vert grått ikkje sett på som ein farge, og vert såleis heller ikkje teke med i fargerotasjonen. Med innstillingane her, kan du likevel omforma mindre metta fargar til grå, eller omforma grå til farge, avhengig av innstillingane nedanfor.

Den vesle sirkelen i fargehjulet justerer kulør og metning som vert brukt for å velja fargen som skal representera grå. Dei svarar til glidebrytarane Kulør og Metning lista opp nedanfor.

Gråterskel

Denne gGlidebrytaren bestemmer kva farge som skal handsamast som grå. Fargar med ei metning mindre enn denne verdien vert omgjorde til den valde «grå»-fargen.

Gråmodus
  • Handsam som dette gjer at gråfargar inne i kjeldeområdet vert handsama som om dei hadde denne kuløren og metninga. Fargen vert rotert i høve til kjelde- og målområda.

  • Endra til denne vil endra grå fargar til den valde kuløren og metninga utan rotering.

Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

8.39.4. Eksempel på bruk av gråhandsaming

Gråhandsaming

Her er det same eksempelet som øvst på sida, men denne gongen med desse gråinnstillingane brukte: Gråterskel 0,340, kulør 220,0, metning 0,75.

[Notat] Notat

Viss du ønskjer grå i staden for ein annan farge, set kulør og metning til 0.

Figur 16.224. Eksempel på bruk av filteret «Roter fargane» for gråhandsaming

Eksempel på bruk av filteret «Roter fargane» for gråhandsaming

Gråmodus sett til Handsam som denne: alle fargar med ei metning lågare enn 0,34 vert konvertert til oransje fordi den valde blå kuløren og metninga i kjeldeområdet vert rotert til oransje i destinasjonsområdet.

Eksempel på bruk av filteret «Roter fargane» for gråhandsaming

Gråmodus sett til Endra til denne: roteringa vert no ignorert og fargen er plukka opp direkte ut frå den valde kuløren og metninga.

Eksempel på bruk av filteret «Roter fargane» for gråhandsaming

Metning og kulør sett til 0 gjer alt under terskelen til grått.