11. Menyen «Vindauge»

Denne menyen vert brukt for å administrera dialogvindauget for vindauge i GIMP:

Menynamnet «Vindauge» passar vel eigentleg ikkje heilt i enkeltvindauge-modus. Oppføringane i menyen viser til funksjonar som finst både i enkelt- og multivindauge-modus. Kva som vert vist, er avhengig av om det er aktive bilete- og innlimingsvindauge eller ikkje:

Figur 16.272. Innhaldet i undermenyen «Vindauge»

Innhaldet i undermenyen «Vindauge»

Utan opne biletvindauge

Innhaldet i undermenyen «Vindauge»

Med opne bilete


  1. Tidlegare lukka samlevindauge: Dette menyvalet opnar lista over dei samlevindauga du nyleg har lukka. Du kan opna dei igjen ved å klikka på namnet. Legg merke til at frittståande vindauge ikkje er med i denne lista.

    Sjå meir om samlevindauge i Dialogar og samlevindauge.

  2. Dialogvindauge: Opnar ei liste over dialogvindauge som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

  3. Verktøykassa: Klikk på denne oppføringa, eller bruk tastekombinasjonen Ctrl+B for å løfta verktøykassa og som oftast også verktøyinnstillingane til fremst på skjermen. Merk at i enkeltvindaugemodus har dette ingen effekt sidan verktøykassa er ein del av hovudvindauget.

  4. Lista over opne biletvindauge: Klikk på eit biletnamn, eller bruk tastekombinasjonen Alt+biletnummeret for å gjera biletet aktivt.

  5. Lista over opne dialogvindauge: Desse får namn etter det aktive innhaldet i dialogvindauget. Klikk på vindaugenamnet for å løfta dialogvindauget fremst på skjermen. Merk at i enkeltvindaugemodus vert berre innlimte vindauge som ikkje er ein del av hovudvindauget viste her.

  6. Gøym samlevindauga (fane): Gøymer samlevindauga (som til vanleg finst på både på høgre og venstre side av biletet). Berre biletvindauget vert synleg. Dersom du lukkar GIMP med denne statusen, vert GIMP opna neste gong med same status.

  7. Vis faner: i enkeltvindaugemodus vil denne kommandoen endra om fanene skal visast eller ikkje i alle opne bilete. Til vanleg er fanene synlege, men du kan endra dette om du ikkje treng dei og heller vil bruka den ekstra skjermplassen til noko anna. Kommandoen er kopla ut viss du er i multivindaugemodus.

  8. Faneplassering: I enkeltvindaugemodus kan du bruka denne kommandoen for å velja plasseringa av fanelinja som viser kva bilete som er lasta inn. Normalt er fanelinja sett Øvst, men du kan endra dette til Nedst, Venstre eller Høgre. Kommandoen er kopla ut viss du er i multivindaugemodus.

  9. Enkeltvindauge-modus: når slått på, vert GIMP vist i eitt vindauge. Sjå meir om dette i Enkeltvindauge-modus.