5.11. Vis utvalsgrensene

Kommandoen Vis utvalsgrensene slår av og på prikkelinja som viser yttergrensene for eit utval i biletvindauget. Hugs at utvalet er der, sjølv om omrisset ikkje er synleg.

Du kan forandre normalvisinga for utvala i dialogvindauget Innstillingar for biletvindauget i menyen for brukarinnstillingane.

5.11.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via VisVis utval

  • eller med snarvegen Ctrl + T.