5.9. Full skjerm

Kommandoen Full skjerm vert brukt for å skifta mellom å visa biletet på heile skjermen og i normal storleik. I fullskjermmodus vil biletvindauget ta opp heile skjermen, men biletet vert uforandra. Dersom menylinja forsvinn, kan du høgreklikka på biletet for å få fram menyen igjen. Du kan bestemma ein del verdiar for fullskjermvisinga i dialogvindauget for brukarinnstillingar.

Du kan slå av og på visinga av alle tilgjengelege samlevindauge ved å trykke på Tab-tasten.

[Notat] Notat

Dersom du brukar GIMP på ein Apple Macintosh-maskin, kan det henda at kommandoen «Full skjerm» ikkje verkar. Dette fordi Apple ikkje har dei nødvendige funksjonane for dette. I staden kan du maksimera biletvindauget ved å trykkja på Green Button slik at biletet tek opp mesteparten av plassen på skjermen.

5.9.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via VisFull skjerm,

  • med tastesnarvegen F11.

  • I multivindauge-modus kan du også få det fram ved å dobbeltklikka i tittellinja i biletvindauget.