5.8. Navigeringsvindauget

Kommandoen Navigeringsvindauget opnar «navigasjonsvindauget» som gjer deg i stand til å navigera gjennom biletet, setje forstørringsgrad og å flytte den synlege delen av biletet.

5.8.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via VisNavigeringsvindauget.

  • Den enklaste metoden er likevel å klikke på ikonet i nedre, høgre hjørne av biletvindauget.