5.6. Tilpass vindauget

Kommandoen Tilpass vindauget forandrar storleiken på vindauget slik at det passar til biletet ved den aktuelle forstørringsfaktoren. Dersom biletet ikkje passar heilt til skjermen, vert vindauget forstørra slik at størst mogleg del av biletet vert vist. Normalt vil GIMP gjere dette automatisk dersom kommandoane «Endra vindaugestorleik ved skalering» og «Endra vindauge etter biletstorleiken» er avmerka i dialogvindauget innstillingar for biletvindauget i menyen for brukarinnstillingane.

[Notat] Notat

Denne funksjonen vert ikkje utført av GIMP men av vindaugehandteraren i operativsystemet for datamaskinen. Difor kan det hende at maskinen du brukar oppfører seg annleis enn omtalt her, eller at funksjonen til og med ikkje verkar.

5.6.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via VisTilpass vindauget.

  • eller med snarvegen Ctrl + J.