2.2. Å krympe filene litt ekstra

For å gjere biletfila litt mindre, kan du prøve med å omforme biletet til eit indeksert bilete. Dette betyr at alle fargane i biletet vert redusert til maksimum 256 ulike valører. Dette kan gå svært bra for teikningar og andre bilete utan for mange fargar. For bilete med mjuke fargeovergangar vil indekseringa ofte gi tydelege fargestriper. Bileta kan også verta grove og kornete. Metoden er difor vanlegvis ikkje tilrådeleg for fotografi.

Figur 6.8. Det indekserte biletet

Det indekserte biletet

Indekserte bilete vert ofte kornete. Til venstre er Wilber i originalstorleik, til høgre eit utsnitt forstørra 300%


  1. Bruk kommandoane omtalte i Del 6.3, “ Modus for å konvertere eit RGB-bilete til eit indeksert bilete.

  2. Når biletet er konvertert til indeksert modus, kan du igjen eksportera biletet i PNG-format.