2. Å tilpassa bilete for Internett

Eit av dei store bruksområda for GIMP er å tilpassa bilete for nettsider. Dette betyr i praksis å få til best moglege bilete med minst moglege biletfiler. (Dette er god folkeskikk enda om du veit at alle brukarane har ultraraskt breiband). Denne vesle kokeboka vil vise deg korleis det er råd å forminska biletfilene utan at det går merkbart ut over kvaliteten.

2.1. Det optimale forholdet mellom storleik og kvalitet

Kva som er det optimale biletet for vising på Internett er avhengig av kva slag bilete du har og det filformatet du bruker. Eit fotografi med mange fargar bør for eksempel leggast ut i formatet JPEG. Eit mindre fargerikt foto, ei teikning eller eit skjermbilde kan kanskje best leggast ut i formatet PNG. Det er slike val dette kapitlet handlar om.

  1. Det første du gjer er å opna biletet på vanleg måte. Her er vår kjære Wilber opna for å nyttast som eksempel.

    Figur 6.7. Biletet av Wilber opna i RGBA-modus

    Biletet av Wilber opna i RGBA-modus

  2. Biletet er nå opna i RGB-modus. Sidan det også har ein alfakanal i tillegg, vert nemninga RGBA. Til vanleg har du ikkje bruk for alfakanalen i eit bilete som skal synast på nettet, og kan fjerna denne ved å flate ut biletet.

    Det er sjeldan at fotografi har alfakanal, så biletet vert opna i RGB-modus i staden for RGBA-modus og det er såleis ingen behov for å fjerne alfakanalen.

    [Notat] Notat

    Dersom biletet har ein mjuk overgang til gjennomsiktige område, bør du ikkje fjerna alfakanalen. Dette fordi informasjonen om overgangen i tilfelle ikkje vert lagra i fila. Dersom biletet ikkje har mjuke overgangar (som GIF), kan du fjerna alfakanalen før biletet vert eksportert.

  3. Etter at biletet er flata ut, ksxporter biletet i PNG-format for bruk på nettsider.

[Notat] Notat

Du kan eksportere biletet i PNG-formatet med standardinnstillingane. Bruk alltid maksimal kompressjon når du lagar biletet. Maksimal kompressjon har ingen effekt på biletkvaliteten eller tida det tar å visa biletet, men det tar lenger tid å ekspåortere det. Eit JPEG-bilete vil derimot få dårlegare kvalitet dess meir det vert komprimert. Dersom biletet er eit foto med mange fargar, bør du bruke jpeg. Det viktigaste er likevel å finne det beste forholdet mellom kompressjon og kvalitet. Du kan finne meir om dette i Del 1.2.2, “Eksporter biletet som JPEG”.