2.12. Eksporter

Denne kommandoen vert kalla «Eksporter» når fila opphavleg er ei XCF-fil, elles gjer han det same som Eksporter som. I tidlege utgåver av GIMP 2.8 var menynamnet «Eksporter til». Frå og med versjon 2.8.10 er «Eksporter til» og «Eksporter» endra til «Eksporter» og «Eksporter som» etter mønster av «Lagra» og «Lagra som».

For importerte bilete vert oppføringa endra til «Overskriv namn.utviding». Du kan såleis eksportere det importerte biletet direkte i det originale filformatet utan å gå vegen om eksportdialogen.