5.10. Dialogvindauget for symmetrieikning

Symmetriteikning vart innført i GIMP 2.10 og kan brukast med alle penselbaserte verktøy (blyanten, målarpenselen, viskeleret. MyPaint-penslar, kloning, slør og skjerp, gni ut) og pennen. Det er mange typar symmetri som alle kan setjast opp etter eigne ønskje.

5.10.1. Aktivering

Du får tilgang til dette dialogvindauget frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeSymmetriteikning

Dialogvindauget «Symmetriteikning» kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”.

5.10.2. Å bruke ldialogvindauget for symmetriteikning

Figur 15.85. Dialogvindauget for symmetrieikning

Dialogvindauget for symmetrieikning

Dette er eit svært enkelt dialogvindauge. Det einaste valet er Symmetri med ei nedtrekksliste med fire val. Når du har merkt av for symmetritype vert symmetriaksane viste som grøne prikka strekar i biletet. Du kan nå teikna med det teikneverktøyet du har vald.

Innstillingar

Ingen

Dette er standardvalet. Symmetriteikninga er slått av.

Spegle

Figur 15.86. Dialogvindauget for symmetri, spegel

Dialogvindauget for symmetri, spegel

Dette er symmetri slik som du ser det i ein spegle. Du kan velja mellom Vassrett symmetri, a Loddrett symmetri eller Sentral symmetri. Du kan ha fleire val samstundes.

Symmetriaksane vert til vanleg sett midt i biletet, men du kan flytte dei ved å bruka Plassering av loddrett akse og Plassering av vassrett akse.

Slå av penseltransformering: Når du transformerer teikninga vert også penselen transformert. Teiknar du for eksempel på høgre side av bioletet med spegelsymmetri , vert teikninga og penselen spegla på den venstre sida av biletet. Dersom du ikkje ønskjer at penselen skal transformerast, krysser du av i denne boksen. Verknaden er sjølvsagt ikkje synleg dersom penselen er symmetrisk, og det er nokså mange av standardpenslane.

Flislegging

Tiling is a translational symmetry, which can be finite (with a maximum of strokes) or infinite. In the latter case, it is the perfect tool to create patterns or seamless tiles, at painting time.

Figur 15.87. Dialogvindauget for flislegging

Dialogvindauget for flislegging

Dette valet gjer at biletet vert dekka av kopiar av penselstroka.

Ingen aksar her. Vala er:

  • Intervall X, Intervall Y: Dette er avstanden i pikslar mellom stroksentra langs x-aksen og y-aksen.

  • Forskyving: Kor mange pikslar kopien skal forskyvast langs x-aksen.

  • Maks X-strøk, Maks Y-strøk: Kor mange penselstrok som kan leggjast på x-aksen og y-aksen. Standard er 0, som betyr at du kan leggja på så mange du vil.

Mandala

Figur 15.88. Dialogvindauget for Mandela

Dialogvindauget for Mandela

Strøka vert plasserte rund kryssingspunktet mellom x-aksen og y-aksen.

Vala er:

  • Senter abscisse, Senter ordinat Plassering av senter for koordinataksane.

  • Talet på punkt: talet på strøk.

  • Slå av penseltransformering: Sjå ovanfor.

5.10.3. Eksempel

Pepperpenselen er brukt i eksempelet.

Eksempel med spegel

Figur 15.89. Loddrett symmetri

Loddrett symmetri

Eit enkelt trykk

Loddrett symmetri

A stroke


Eksempel på flislegging

Figur 15.90.

Eitt enkelt trykk. Forskyving = 20.

A stroke


Eksempel på Mandala

Figur 15.91.

Eit enkelt trykk

A stroke