7.47. Roter 90° mot klokka

Kommandoen Rotér 90° mot klokka roterer det aktive laget 90° mot klokka rundt sentrum av laget. Operasjonen fører ikkje til tap av pikseldata. Forma på laget vert ikkje endra, men rotasjonen kan føre til at deler av laget kjem utføre biletkanten. Dette er tillatt i GIMP og betyr ikkje at det vert fjerna noko av laget, men at deler av det er usynleg til du anten flyttar på laget eller aukar storleiken på lerretet.

7.47.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via LagTransformerRoter 90° mot klokka

7.47.2. Eksempel

Figur 16.131. Med «Roter 90° mot klokka»

Med «Roter 90° mot klokka»

Før utføringa av kommandoen

Med «Roter 90° mot klokka»

Laget er rotert