7.25. Vis berre lagmaske

Kommandoen Vis berre lagmaske gjer maska meir synleg ved å gjere biletet usynleg. Klikkar du på oppføringa, dukkar det opp eit merke framføre oppføringa. Dette vert også vist med ei grøn ramme rundt lagmaska i lagdialogen. Laget vert ikkje forandra. Du kan gjere det synleg igjen når du ønskjer.

7.25.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagMaskeVis lagmaske

  • eller ved å halde nede Alt-tasten (Ctrl+Alt i nokre system) medan du klikkar på miniatyren av maska i lagdialogen.

  • Du kan angre denne handlinga ved å klikke av oppføringa i menyen LagMasker eller ved å halde nede Alt-tasten (eller Ctrl+Alt) medan du klikkar på miniatyren av maska i lagdialogen.