7.31. Trekk frå utvalet

Kommandoen Trekk frå utvalet omformar lagmaska i det aktive laget til eit utval som deretter vert trekt i frå det utvalet som finst frå før i laget. Kvite område i lagmaska vert til utvalde område og svarte område vert til ikkje utvalde område. Grå område vert til delvis utvalde område. Sjølve lagmaska vert ikkje forandra.

7.31.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagMaskeTrekk frå utvalet

7.31.2. Eksempel på bruk av «Trekk frå utvalet»

Figur 16.118. Eksempel på bruk av «Trekk frå utvalet»

Eksempel på bruk av «Trekk frå utvalet»

Til venstre ser du originalbiletet med eit utval. I midten lagdialogen med ei lagmaske oppretta med initieringskommandoen «Alfakanalen til laget», og til høgre etter bruk av kommandoen «Trekk frå utvalet».