7.32. Snitt med utvalet

Kommandoen Snitt med utvalet omgjer lagmaska i det aktive laget til eit utval som så vert blanda saman med det utvalet som finst frå før til eit nytt utval. Kvite område i lagmaska vert til utvalde område og svarte område vert ikkje utvalde. Grå område vert til delvis utvalde område. Sjølve lagmaska vert ikkje forandra.

7.32.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagMaskeSnitt med utval

7.32.2. Eksempel på bruk av «Snitt med utvalet»

Figur 16.119. Eksempel på bruk av «Snitt med utvalet»

Eksempel på bruk av «Snitt med utvalet»

Til venstre ser du originalbiletet med eit utval. I midten lagdialogen med ei lagmaske oppretta med startverdien «Alfakanalen for laget», og til høgre etter at det er oppretta eit snitt av dei to laga. Utvalet med ugjennomsiktige pikslar i det aktive laget er det som var felles for det opphavlege utvalet og maska.