7.29. Legg til i utvalet

Kommandoen Legg til i utvalet omformar lagmaska i det aktive laget til eit utval og adderer dette til det eksisterande utvalet. Kvite område i lagmaska vert til utvalde og svarte område til ikkje utvalde område. Gråtoner i maska vert til delvis utvalde område. Lagmaska vert ikkje forandra.

7.29.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagMaskeLegg til utval

7.29.2. Eksempel på bruk av «Legg til i utvalet»

Figur 16.111. Eksempel på bruk av «Legg til i utvalet»

Eksempel på bruk av «Legg til i utvalet»

Til venstre ser du originalbiletet med eit utval. I midten lagdialogen med ei lagmaske oppretta med initieringskommandoen «Alfakanalen til laget», og til høgre etter å ha lagt lagmaske til utvalet.