7.28. Maske til utval

Kommandoen Maske til utval gjer om lagmaska i det aktive laget til eit utval. Denne erstatter utvalet som finst frå før i laget. Kvite område i lagmaska vert til utvalde område og svarte område vert til ikkje utvalde område. Grå område vert til delvis utvalde område. Sjølve lagmaska vert ikkje endra.

7.28.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagMaskeMaske til utval

  • eller frå menyen som sprett opp når du høgreklikkar på det aktive laget i lagdialogvindauget.

7.28.2. Eksempel på bruk av «Maske til utval»

Figur 16.110. Eksempel på bruk av «Maske til utval»

Eksempel på bruk av «Maske til utval»

Til venstre ser du originalbiletet med eit utval. I midten lagdialogen med ei lagmaske oppretta med startverdien «Alfakanalen for laget», og til høgre etter bruk av kommandoen «Maske til utval». Utvalet med ugjennomsiktige pikslar i det aktive laget erstattar det opphavlege utvalet.