7.27. Slå av lagmaske

Til vanleg vil ei lagmaske verke på heile biletet. Dersom du av ein eller annan grunn ønskjer å kople ut lagmaska, utan å fjerne henne, kan du klikke på Slå av lagmaske. Det dukkar då opp eit merke framføre oppføringa. At maska er avslått vert også vist med ei raud ramme rundt lagmaska i lagdialogen.

7.27.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagMaskeSlå av lagmaska

  • eller ved å halde nede Ctrl-tasten (Ctrl+Alt i nokre system) medan du klikkar på miniatyren av maska i lagdialogen.

  • Du kan angre denne handlinga ved å klikke av oppføringa i menyen LagMaske eller ved å halde nede Ctrl-tasten (eller Ctrl+Alt) medan du klikkar på miniatyren av maska i lagdialogen.