7.23. Flett lagmaske

Kommandoen Legg til lagmaske fletter lagmaska saman med det akive laget. Gjennomsikt i lagmaska vert overført til alfakanalen, som vert oppretta dersom han manglar, og lagmaska vert fjerna. Dersom laget ikkje har lagmaske, er kommandoen gråa ut som ikkje aktiv. Sjå også kapitlet om lagmasker.

7.23.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagMaskeBruk lagmaske

  • eller frå menyen som sprett opp når du høgreklikkar på det aktive laget i lagdialogvindauget.