7.40. Legg til i utvalet

Kommandoen Legg til i utvalet lagar eit utval frå pikslane i det aktive laget ut frå kor gjennomsiktige dei er. Ugjennomsiktige område vert fullt utvalde, gjennomsiktige område vert ikkje utvalde medan delvis gjennomsiktige område vert delvis utvalde. Det nye utvalet vert lagt til det eksisterande utvalet. Alfakanalen vert ikkje forandra.

Dei andre kommandoane i denne gruppa gjer noko liknande, men i staden for å leggja dei to utvala saman, byter dei anten ut det gjeldande utvalet med det nye, trekkjer det nye utvalet frå det eksisterande, eller lagar eit nytt utval som er eit snitt av begge.

7.40.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via LagGjennomsiktLegg til utvalet.

7.40.2. Eksempel

Figur 16.124. Bruk av «Legg til i utvalet»

Bruk av «Legg til i utvalet»
Bruk av «Legg til i utvalet»

Den eksisterande rektangulære utvalet er erstatta med ugjennomsiktige pikslar frå det aktive laget.