4.2. Biletdialogen

Figur 15.69. Biletdialogen

Biletdialogen

Biletdialogen viser ei liste med miniatyrar over alle bileta du har på skjermen. Denne lista er spesiell nyttig når du har mange bilete framme samstundes i og med at du kan bruke ho til å løfte eit bestemt bilete til fremst på skjermen.

4.2.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”.

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeBilete.

  • eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til faneBilete

Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen Vindauge finne ei liste over løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfte biletdialogen frå biletmenyen med VindaugeBilete.

4.2.2. Å bruke dialogen

I multivindauge-modus vil du øvst i dialogvindauget finne ei nedtrekksliste over opna bilete dersom Vis biletutvalet er avkryssa i fanemenyen.

Dersom miniatyrane vert viste på listeform, vert det aktive biletet utheva. På tabellform vert det sett ei ramme rundt det aktive biletet. Dersom du klikkar på eit av biletnamna, vert dette biletet det aktive, dvs. det biletet som knappane i dialogvindauga verkar på. Dobbeltklikkar du på biletnamnet, vert biletet lyft opp til fremst på skjermen.

Vis som tabell/liste, storleik på miniatyrane

Frå fanemenyen i bufferdialogen kan du velje mellom to ulike visingsformer: Vis som tabell, som viser bufferen i nettopp tabellfor, og Vis som liste, som viser bufferane linje for linje der kvar linje viser ei førehandsvising av bufferinnhaldet, namnet og storleik i pikslar. Sjå i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)” korleis du kan tilpassa førehandsvisinga.

[Tips] Tips

Tastekombinasjonen Ctrl + F opnar ei søkefil. Sjå Vis som liste/tabell

Du kan endra storleiken på førehandsvisinga i dialogvindauget ved hjelp av undermenyen «storleik på førehandsvisinga» i fanemenyen.

Knappar

Dersom valet «vis knappane» er aktivert, vil du nedst i dialogvindauget ha tre knappar som verkar på det aktive biletet. Dei same kommandoane er tilgjengelege i menyen som kjem fram dersom du høgreklikkar på dialogvindauget.

Løft visinga av dette biletet

Løfter det valde biletet til fremst på skjermen. Dersom biletet har ei anna vising, vert denne lagt like under originalen. Du kan få det same resultatet ved å bruka valet «løft visinga» i menyen som kjem fram når du høgreklikkar på dialogvindauget.

Opprett ei ny vising for dette biletet

Kopierer biletvindauget (ikkje biletet) for det valde biletet.

Slett biletet

Denne kommandoen verkar berre på bilete som er lasta inn utan vindauge. Bilete kan likevel opnast med kommandoen «Nytt vindauge» dersom det alt er opna utan vindauge med ein av dei primitive prosedyrekommandoane som t.d. gimp-image-new, file-png-load osv. Eit slikt bilete kan ikkje slettast sjølv om vindauget vert lukka som det siste vindauget. Du må då bruka denne kommandoen for å lukke det.