5.15. Bølgjer

5.15.1. Oversyn

Figur 17.95. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Filteret «Bølgjer» brukt med standardinnstillingane og periode = 20,0


Dette filteret gjer same effekten som dei konsentriske ringane du får når du kastar ein stein i stille vatn.

5.15.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret via FilterForvrengingarBølgjer….

5.15.3. Innstillingar

Figur 17.96. Innstillingane for filteret «bølgjer»

Innstillingane for filteret «bølgjer»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Senter X, Senter Y

Flytt senteret for bølgjene

Amplityde

Varierer bølgjehøgda.

Periode

Det er bølgjelengd. Varierer avstanden mellom bølgjetoppane.

Den høge standardverdien passar til store bilete. For bilete på nokre hundre pikslar i breidde, vil ein lågare verdi, som 20 i eksempelet, passa betre.

Faseskift

Denne kommandoen forskyv toppen av krusinga.

Sideforhold

Verdiar mindre enn 1,00 teiknar bølgjene ovale med loddrett hovudakse. Verdiar høgare enn 1,00 gjev ein vassrett hovudakse.

Metode for å ta prøver på nytt

Interpoleringsmetodane er forklarte i Interpolering.

Klemmedeformasjon

Dette avgrensar deformeringa i biletområdet. Når denne er slått av, ser det ut til at du får gjennomsiktige eller svarte område, avhengig av om laget har ein alfakanal eller ikkje. Når han er slått på, vil desse områda behalda den normale fargen.