9.5. Normalkart

9.5.1. Oversyn

Dette filteret genererer eit normalkart ut frå eit høgdekart. Dette er eit tidleg arbeid, og vert nok mykje endra etter kvart.

Me vil bruka eit høgdekart laga med Del 14.8, «Simplex-støy»:

Figur 17.185. Eksempel på normalkart

Eksempel på normalkart

Høgdekartet

Eksempel på normalkart

Filteret brukt med standard innstillingar. Dette gjev eit normalkart


9.5.2. Aktivering

Du finn dette filteret i menyen i biletvindauget under FilterGeneriskeNormalkart….

9.5.3. Innstillingar

Figur 17.186. Innstillingane for «Normalkart»

Innstillingane for «Normalkart»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Skaler

Kor mykje høgdeverdiane vert skalerte: auk eller minsk ruglene.

Skaler = 2

X-, Y-komponent

Komponenten brukt for X- og Y-koordinata;: Du kan velja mellom dei tre fargane for ruglene.

Merk at viss du endrar desse verdiane vert det lagt nye fargar til fargane som finst frå før, noko som gjev komplementærfargane.

Spegelvend X, Y

Spegelvend X, Y-koordinata: spegelvend humpfargane vassrett og loddrett. Ruglene har ein tydeleg kant og ein motsett mørk kant, noko som gjev ei kjensle av at lyset kjem frå ei bestemt retning. For å sjå ruglene i staden for hola, må lyset koma frå øvre, venstre hjørne. Leik med spegelvend X og spegelvend Y for å få denne lyssetjinga.

Etter å ha leikt med spegelvend X og spegelvend Y

Fullt Z-område

Bruk heile området [0, 1] for å koda Z-koordinata: Du kan få ein meir brå fargeovergang.

MÅ SKRIVAST

Kan flisleggjast

Genererer eit kart som kan flisleggjast:

MÅ SKRIVAST