9.6. Utvid

9.6.1. Oversyn

Figur 17.187. Utvid

Utvid

Originalbiletet

Utvid

Eksempel på bruk av filteret «Utvid»


Dette filteret utvidar og forsterkar lyse område i det aktive laget eller det aktive utvalet.

For kvar biletpiksel fører den pikselverdien (lysstyrken) på linje med den høgaste verdien (den lysaste) av dei 8 nabopikslane (3 × 3 matrise). Ein lys piksel vert såleis lagt til rundt lyse område. Ein isolert piksel på ein lysare bakgrunn vert sletta. Eit større lyst område vert utvida med éin piksel i alle retningar.

På komplekse bilete vert lyse område utvida og forsterka og svakt «pikselert».

Filteret kan generere støy på ein einsfarga bakgrunn:

Figur 17.188. Eksempel på bruk av filteret «Utvid»

Eksempel på bruk av filteret «Utvid»


9.6.2. Aktivering

Du finn dette filteret i menyen i biletvindauget under FilterGeneriskeUtvid.

9.6.3. Eksempel

Figur 17.189. Utvida neoneffekt

Utvida neoneffekt