14.9. Massiv støy

14.9.1. Oversyn

Figur 17.334. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Massiv støy»


Solid Noise is a great texture maker. Note that this noise is always gray, even if you applied it to a very colorful image (it doesn't matter what the original image looks like -- this filter completely overwrites any existing background in the layer it is applied to). This is also a good tool to create displacement maps for the Warp transform tool or for the Bump Map filter. With the "turbulence" setting active, the results look quite a bit like real clouds.

14.9.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarSkyerMassiv støy

14.9.3. Innstillingar

Figur 17.335. Innstillingane for filteret «Massiv støy»

Innstillingane for filteret «Massiv støy»

Presets, Preview, Split view, Use selection as input
[Notat] Notat

These options are described in Del 2, “Common Features”.

X-storleik, Y-storleik

Her bestemmer du storleik og proporsjonar for støyen i biletet.

Detaljar

Låge verdiar vil gi få detaljar og eit resultat som kan minne om mjuke skyer. Høge tal vil gi eit hardare bilete, meir som om det skulle vere laga av små partiklar, eller spraymaling.

Saumlaus

Dette, litt merkelege ordet betyr berre at dersom funksjonen er avmerka, vil du få ein støy som kan flisleggast. Dette er ofte brukt som bakgrunn i nettsider, og betyr at fleire kopiar av biletet kan leggast side om side utan synlege fuger.

Turbulens

Denne innstillinga kan gi ganske interessante effektar, noko liknande oljefilm på vatn, cellevev, røykskyer eller «Rorschach flekker» (desse flekkane som vert brukte i psykiatrien for å teste folk).

Tilfeldig frø

Eit «frø» er det talet filteret bruker som utgangspunkt for å lage tilfeldige tal. Det same frøet vil, dersom tilhøva er dei same, gi same mønsteret. Du kan skrive inn frø direkte, eller du kan trykke Nytt frø for å lage eit nytt, tilfeldig frø.

Dersom det er kryssa av for Slump er det ikkje råd å skrive inn nye frø. I staden vert det generert eit tilfeldig frø kvar gong filteret vert aktivert. Dersom denne ikkje er avkryssa, vil programmet bruke same frøet som vart brukt sist.