14.10. Differensskyer

14.10.1. Oversyn

Figur 17.336. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret «differensskyer»


Filteret differensskyer endrar fargane delvis i skyliknande område. Filteret legg automatisk inn eit nytt lag og teiknar massiv støy på dette. Lagmodus vert sett til differans før dei to laga vert fletta saman.

Før laga vert fletta saman, vert dialogvindauget for massiv støy opna slik at du kan kontrollera effekten.

Dersom biletet er indeksert, er denne menyoppføringa gråa ut og utilgjengeleg.

14.10.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarSkyerDifferensskyer

14.10.3. Innstillingar

Skriptet har ikkje eige dialogvindauge, men bruker dialogvindauget for massiv støy.