7.6. RGB-støy

7.6.1. Oversyn

Figur 17.158. Eksempel på bruk av filteret «RGB-støy»

Eksempel på bruk av filteret «RGB-støy»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «RGB-støy»

Eksempel på bruk av filteret «RGB-støy»


Filteret «RGB-støy» legg normalfordelt støy til eit lag eller eit utval. Filteret brukar fargemodellen RGB for å laga støyen (støyen vert lagt til dei raude, grøne og blå verdiane for kvar piksel). At støyen er normalfordelt, betyr at dei fleste pikslane i det berørte området berre vert tilsett ein liten grad av støy, medan nokre få pikslar vert tilsett svært mykje støy. Brukar du dette filteret på eit einsfarga grått bilete, kan du sjå av histogrammet at fordelinga er ei klassisk klokkeforma gausskurve.

Resultatet ser svært naturleg ut.

7.6.2. Aktivering

Du finn dette filteret under FilterStøyRGB-støy

7.6.3. Innstillingar

Figur 17.159. Innstillingane for filteret «RGB-støy»

Innstillingane for filteret «RGB-støy»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Korrelatert støy

Støy kan vera additiv (ukorrelert) eller multiplikativ (korrelert ‒ også kjent som flekkstøy). Når dette er merkt av, vert kvar kanalverdi multiplisert med ein normalfordelt verdi. Støyen er avhengig av kanalverdiane: ein høgare kanalverdi fører til meir støy, medan mørke fargar (små verdiar) har en tendens til å framleis vera mørke.

Uavhengig RGB

Når denne radioknappen er vald, kan du endra kvar RGB-glidebrytar for seg. Elles vert dei tre brytarane R, G og B byt ut med ein enkelt glidebrytar for verdi. Det vert då lagt til den same relative støymengda i kanalane i kvar piksel slik at kuløren ikkje vert særleg endra:.

Lineær RGB

Operer på lineærte RGB-fargedata

Gaussisk fordeling

Bruk ei gaussisk støyfordeling. Når denne ikkje er merkt, vert lineær støyfordeling brukt i staden.

Raud, Grøn, Blå, Alfa

Desse glidebrytarane og tilstøytande inngangsboksar let deg stilla inn støynivå (0,00 - 1,00) i kvar kanal.

Verdiane sett med brytarane er eigentleg standardavvik i høve til normalfordelinga av tillagt støy. Det brukte standardavviket er halvparten av den viste verdien. 1 er avstanden mellom den lågaste og høgaste moglege verdien i ein kanal.

Tilfeldig frø

Kontrollerer kor tilfeldig støyen skal vera. Viss det same frøet vert brukt i nøyaktig den same situasjonen, vert resultatet nøyaktig det same. Eit anna tilfeldig frø gjev eit anna resultat. Du kan leggja inn frø manuelt eller tilfeldig med knappen Nytt frø.