7.7. Nedsmelting

7.7.1. Oversyn

Figur 17.160. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «nedsmelting»


«Nedsmelting» gjev ein effekt som liknar å smelta biletet nedover. Viss ein piksel skal slørast, er det ein 80 % sjanse for at han vert erstatta av verdien til ein piksel rett over han; elles vert ein av dei to pikslane til venstre eller høgre for den over brukt. Alle eller berre nokre piksler i eit aktivt lag eller utval vert påverka. Prosentdelen av berørte pikslar vert bestem av Slumpmengde (%).

7.7.2. Aktivering

Du finn dette filteret under FilterStøyNedsmelting.

7.7.3. Innstillingar

Figur 17.161. Innstillingane for filteret «nedsmelting»

Innstillingane for filteret «nedsmelting»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Slumpmengde (%)

Glidebrytaren bestemmer kor mange prosent av pikslane i det aktive laget eller det aktive utvalet som skal verta pletta. Dess høgare verdi, dess fleire pikslar verta forandra, men på grunn av måten filteret arbeider, vert effekten mest merkbar når glidebrytaren er i mellomområdet rundt 50 %. Eksperimenter med dette sjølv..

Gjenta

Glidebrytaren Gjenta bestemmer kor mange gonger filteret skal gjenta prosessen.

Tilfeldig frø

Kontrollerer kor tilfeldig nedsmeltinga skal vera. Viss det same tilfeldige frøet vert brukt om igjen i den same situasjonen, vert resultatet også nøyaktig det same. Eit anna tilfeldig frø vil gje eit anna resultat. Du kan skriva inn startverdiane for hand, eller du kan velja ein tilfeldig startverdi med knappen Nytt frø.