7.4. Fargekast

7.4.1. Oversyn

Figur 17.143. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Fargekast»


Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterStøyFargekast

Filteret «fargekast» legg ein tilfeldig farge i kvar av dei berørte pikslane, altså verkeleg tilfeldig støy. Alle fargekanalane, også alfakanalen om han finst i biletet, vert handsama tilfeldig. Fargane vert plukka heilt tilfeldig frå alle fargeverdiane utan å ta omsyn til originalverdiane. Kor stor prosent av pikslane i det aktive laget eller utvalet som vert påverka, vert bestemt med glidebrytaren Slumpmengde (%)

7.4.2. Innstillingar

Figur 17.144. Innstillingane for filteret «fargekast»

Innstillingane for filteret «fargekast»

Presets, Preview, Split view
[Notat] Notat

These options are described in Del 2, “Common Features”.

Slumpmengde (%)

Glidebrytaren Slumpmengde bestemmer kor mange prosent av pikslane i det aktive laget eller det aktive utvalet som skal verta påverka av filteret. Dess høgare verdi, dess fleire pikslar verta forandra.

Gjenta

Glidebrytaren Gjenta bestemmer kor mange gonger filteret skal gjenta prosessen. For dette filteret er dette valet lite nyttig i og med at du kan oppnå det same mykje raskare ved å velje eit større tal for Slumpmengde. Grunnen til at dette valet er tatt med, er at det same kontrollpanelet vert brukt for fleire ulike filter.

Tilfeldig frø

Verdien du set i kontrollen Startfrø bestemmer til ein viss grad kor tilfeldig filteret skal arbeide. Bruker du det same startfrøet som sist, og ingenting anna heller er forandra, vil filteret gi ut nøyaktig det same resultatet. Legg du inn ein ny verdi for slumpfrøet, vert også resultatet eit anna, sjølv om ingenting anna er forandra. Du kan skrive inn verdiar for slumpfrøet for hand, eller du kan velje ein tilfeldig startverdi med knappen Nytt frø.