7.3. HSV-støy

7.3.1. Oversyn

Figur 17.152. Eksempel på bruk av filteret «HSV-støy»

Eksempel på bruk av filteret «HSV-støy»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «HSV-støy»

Etter bruk av filteret «HSV-støy»


Dette filteret legg inn støy i det aktive laget eller i det aktive utvalet ut frå fargemodellen HSV.

7.3.2. Aktivering

Du finn dette filteret under FilterStøyHSV-støy….

7.3.3. Innstillingar

Figur 17.153. Innstillingane for filteret «HSV-støy»

Innstillingane for filteret «HSV-støy»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Sløving

Denne glidebrytaren (1 - 8) styrer kor mykje den nye pikselfargeverdien skal brukast samanlikna med den gjeldande fargen. Ein låg verdi vil føra til store fargeforandringar, medan ein høg verdi gjev mindre endringar.

Kulør

Denne glidebrytaren forandrar fargen på pikslane i eit tilfeldig mønster. Brytaren vel ut eit tilgjengeleg fargeområde på HSV-fargesirkelen med utgangspunkt i den originale pikselfargen. Skalaen går frå 0 til 255.

Metning

Denne glidebrytaren aukar metninga på dei strødde pikslane.

Verdi

Denne glidebrytaren aukar lysverdien på dei strødde pikslane.

Tilfeldig frø

Du kan endra frøet for slumpen.