5.8. Avistrykk

5.8.1. Oversyn

Figur 17.72. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Filteret «Avistrykk» brukt med RGB-fargemodus. PS-kvadratmønster for alle kanalane, raudperiode 6, grønperiode 8, blåperiode 10, vinkel 15 for alle kanalane.


Dette filteret utfører digital halvtoning med valfrie modulasjonar. Halvtoning er prosessen med å gjengje eit bilde med fleire nivå av grått eller farge (dvs. eit kontinuerleg tonebilete) på ei eining med færre toner; ofte ei to-nivå-eining som ein skrivar eller settemaskin. Ver merksam på at «avistrykk» ikkje er eit filter for å generera halvtonebilete for utskrift, men for å simulera utsjånaden til ei utskrift.

Det grunnleggande i denne prosesse er å minska oppløysinga for å oppnå ein tilsynelatande betre fargedjupn. (Såkalla «spatiell utjamning» ).

Det er mange måtar å gjera dette på. Den enklaste av desse er å fjerna dei minst viktige informasjonane om toneinformasjon slik verktøyet «posterisering» gjer det. Denne metoden gjev ikkje alltid like godt resultat, men biletoppløysinga vert i alle fall ikkje endra.

Sjå føre deg eit rutenett som er lagt over originalbiletet. Biletet er delt inn i celler av rutenettet ‒ kvar celle vil til slutt innehalda eit enkelt punkt sett saman av fleire utdatapikslar for å nærma seg kor mørkt originalbiletet i den cella er. Ein stor cellestorleik gjev sjølvsagt eit stort tap i oppløysing!

5.8.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå menyen via FilterForvrengingarAvistrykk….

5.8.3. Innstillingar

Figur 17.73. Innstillingane for filteret «Avistrykk»

Innstillingane for filteret «Avistrykk»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Kanalar

Denne gruppa kontrollerer kanalane som skal brukast og innstillingane for kvar kanal.

Fargemodell

Vel kva blekkfarge som skal brukast: Kvitt på svart, Svart på kvitt, RGB eller CMYK.

For kvar blekkfarge eller kanal

Innstillingane som kan endrast for kvar einskild blekkfarge eller kanal er lista her.

Mønster

Vel kva halvtonemønster som skal brukast. Vala er Linje, Sirkel, Rombe, PS-kvadrat (eller Euklidsk) punkt, Kryssande linjer.

Periode

Talet på pikslar over éi gjentaking av eit basismønster ved basisoppløysing.

Vinkel

Rutenettvinkelen som bør brukast. Denne vinkelen kan justerast med glidebrytaren, talboksen eller vinkelkontrollen ved å flytta pila i sirkelen.

Svart uttrekk

Denne innstillinga er tilgjengeleg berre når CMYK er vald som fargemodell og den valde kanalen er svart. Ho regulerer kor mykje felles grått som skal trekkjast ut av CMY.

Lås mønster, Lås periode, Lås vinklar

Viss desse tre avkryssingsboksane er merkte, vert innstillingane nemnde ovanfor felles for alle kanalane. Viss dei ikkje er merkte, kan innstillingane setjast for kvar kanal for seg.

Kvalitet

Oversamplingsfaktor for kantutjamning Denne set kor mange prøver som skal vera gjennomsnittet for kantutjamninga.

Riktig halvtoning treng ikkje kantutjamning. Målet er trass alt å redusera fargedjupna! Sidan dette programtillegget i hovudsak er for spesialeffektar, vert resultata viste på skjermen i staden for på ein skrivar. Difor kan det ofte vera nyttig å leggja til litt kantutjamning for å simulera blekksmørjinga på papir. Skal du skriva ut biletet, set du kantutjamninga til 1, dvs. av.

Effektar
Turbulens

Fargemetninga er avhengig av komprimeringa av perioden.

Blokkstorleik

Kor mange periodar for kvar flis. Denne flislegginga hindrar høgfrekvente anomaliar som kjem av aukinga av vinkelen.

Vinkelforsterking

Multiplikasjonsfaktor for den ønskte roteringa av den lokale staden for teksturen. Måten denne vert rekna ut på gjer han veik for avmetta fargar og kanskje sterkare der det er fargar.