5.7. Mosaikk

5.7.1. Oversyn

Figur 17.70. Eksempel på bruk av filteret «mosaikk»

Eksempel på bruk av filteret «mosaikk»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «mosaikk»

Eksempel på bruk av filteret «mosaikk»


Dette filteret deler det aktive laget eller det aktive utvalet opp i mosaikkfliser som vert skilde med fuger. Flisene vert litegrann oppheva for å forsterka mosaikkverknaden.

5.7.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret via FilterForvrengingarMosaikk….

5.7.3. Innstillingar

Figur 17.71. Innstillingane for filteret «Mosaikk»

Innstillingane for filteret «Mosaikk»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Flisgeometri

Desse vala skulle vere sjølvforklarande, og bestemmer grunnforma for flisene:

Ruter

Ikkje nøyaktige kvadrat, men i alle fall firkanta

Heksagon

6 kantar (heksa = 6)

Oktagon

8 kantar (octa = 8)

Triangel

3 kantar (tri = 3)

Flisstorleik

Gjennomsnittleg diameter for kvar flis. Du kan bruka glidebrytaren eller innskrivingsboksen for å setja storleiken på overflata (2 - 1000).

Flishøgde

Bestemmer den tilsynelatande høgda på flisene frå 5,0 til 100,0 pikslar.

Flisordning

Når sett til 1 vil dei fleste flisene ha same storleik. Med verdien 0 vil flisene få tilfeldig storleik, og ofte også noko tilfeldig utsjånad.

Fargevariasjon

Kvar flis har berre ein farge. Dermed vert også talet på fargar i biletet redusert. Med denne glidebrytaren kan du auka fargemengda i biletet lite grann.

Fargegjennomsnitt

Dersom det ikkje er merkt av for dette valet, vil originalteikninga vera synleg på flisene. Er det merkt av for denne funksjonen, vil kvar flis få gjennomsnittsfargen for området flisa dekkjer.

Ru flisoverflate

Dette valet gjev flisene ei ruglete overflate.

Tillat deling av fliser

Gjer at flisene kan delast i fleirfarga område for å gje betre fargeovergangar i bilete med mange detaljar.

Fugebreidde

Dette er avstanden mellom flisene.

Farge på fliser og fuger

Flisene vert belyste med forgrunnsfargen i verktøykassa, medan skuggane får farge frå bakgrunnen. Fugene har bakgrunnsfargen. Du kan endra desse fargane ved å bruka fargeknappane eller fargeplukkaren til høgre.

Lysretning

I utgangspunktet er lyset sett til å koma frå øvre, venstre hjørne (135°). Dette kan du forandra etter behov frå 0 til 360.

Kantutjamning

Dette valet glatter ut kantane på flisene.

Tilfeldig frø

Filtereffekten vert sett tilfeldig. Du kan endra frøet.